E-postadresse:

Passord:

20/03-2003:
Løypenettet opna
Løpenettet for rekreasjonskøyring (dei raude løypene) er no opna for bruk i heile kommunen. Løypekart blir selde for 400 kroner på Tenestetorget på kommunehuset i Åmot til innbyggarar i Vinje kommune som er medlem av ein av dei tre skuterklubbane. Løyvet gjeld ut prøveperioden. Frå kommunen blir det presisert at løyvet er personleg og gjeld dermed ikkje andre familiemedlemer.
Møsstrond Snøscooterklubb har ansvar for merking og ettersyn av slepene i området Kråmviki-Vierli-Vårli. Stikkene skal etter kvart merkast med raude refleksar, men dei er ikkje på plass enno sidan klubben har hatt nok med å førebu dragrace og familiedag.
Men har nokon kapasitet til å sette dei på er det fint om dei tek kontakt med styret. God tur!
Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa