E-postadresse:

Passord:

06/02-2005:
Nye hjelmreglar
Lensmannen i Vinje minnar i eit brev til skuterklubbane om at det i år er nye reglar for bruk av hjelm ved skuterkøyring. Det er no lov å bruke godkjent og CE-merkt alpinhjelm. Påbodet gjeld alle, også for passasjerar på sleden.

Lensmannen har forventa ei endring i reglane og her derfor ikkje handheva desse strengt dei to siste åra, men frå og med denne sesongen må ein betale gebyr på 750 kroner om ein blir teken utan hjelm.

Han minnar også om at kjennemerket skal vere godt synleg framme på skuteren, og at det blir skrive mangellapp med innkalling for å vise skuteren ved feil montering.
Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa