E-postadresse:

Passord:

19/04-2005:
Prøveordninga får halde fram!
Miljøverndepartementet har slått fast at kommunane i prøveprosjektet for motorisert ferdsle i utmark kan praktisere same ordninga medan styresmaktene evaluerer prosjektet. – Ein viktig siger, seier ordførar Arne Vinje, på heimesida til Vinje kommune.

Heile prøveordninga byggjer på eit konstruktivt og tillitsfullt samarbeid mellom kommunen og snoskuterklubbane. Sistnemnde har hatt mykje av ansvaret og fortener ein stor del av æra for at ordninga har verka så godt. Snoskuterbruken i Vinje har langt på veg komi inn i ordna former, på ein måte som alle brukarane av utmarka ser ut til å godtaka. Det ville ha vori eit alvorleg tilbakeslag dersom alt dette frå hausten av skulle falle tilbake til dei tilstandane som rådde før!
Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa