E-postadresse:

Passord:

06/06-2005:
Ingen turistløype etter Møsvatn
Skien Telemark Turistforening kuttar ut å merke skuterslepa på Møsvatn som turistløype. Dette stod i siste nummer av medlemsbladet "Kjentfolk i fjellet":

Møstrond Bustadfond v/Bjørn Skinnarland sendte 04.04.05 dette skriv til STT:
Frå Varland til Mogen har det vore vinterveg for dei fastbuande i all tid. I 1940-åra tok dei i bruk beltebil og frå den tida har det vore merka vinterveg kvart år. I dag er det vegen til dei fastbuande til bruk med beltebil og snoskuter. Vegen blir merkt med solide stikk med refleks for kvar 50 meter. Vegen blir merkt på dei sikraste stadene i høve til istilhøva på vatnet. Isen blir prøva og det er lokalkjende folk som står for stikkinga, sjå brevet vårt frå 17.2.05.
Dei fastbuande som brukar denne vegen til motorisera ferdsel om vinteren, har liten hug til at løypa og skal brukast av skituristar. Det har lett for å bli konfliktar ved at skifolket set seg til å eta og kvile midt i vegtraseen. Når det kjem ein skuter med lass, kan det vera vanskeleg å køyre på utsida av løypa. Det er særleg når det er mykje snø eller seint på våren og det tek til å bli overvatn på isen at det er vanskeleg å køyre utanom. I tillegg er det slik at skifolket hyttar med staven og ropar som om det er dei som skulle ha retten til å bruke vegen. Ut frå dette er vi ikkje serleg interessert i at det blir merkt som ei løype på kartet til Turistforeninga i det heile.
Dersom løypa skal merkast på kartet til Turistforeninga, skal det stå: "Beltebil/skuterslepe merkt av Møsstrond Bustadfond" Dersom slepa skal stå på kartet dykkar, vil det vera naturleg at de er med på betalinga av merkinga. Framlegget dykkar på kr 2.500 er ikkje tilfredsstillande. Dersom ein tek utgangspunkt i at bustadfondet ber halvparten og at skuterklubben kjem med eit tilskot på kr 5.000, så er det og naturleg at de kjem med eit tilskot på kr 5.000.
Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa