E-postadresse:

Passord:

20/10-2005:
Motorferdselsforsøket evaluert
Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) er no ferdig med evalueringsrapporten, der Vinje har vore ein av forsøkskommunane. Sjølve forsøket er altså over, men som kjent har dei åtte forsøkskommunane fått høve til å halde fram gjennom ei overgangsording fram til 1. mai 2007.

Ein av hovudmålsetjingane til prosjektet var at støy- og trafikkbelastningen skulle gå ned. NINA konkluderer med at denne målsetjinga totalt sett ikkje er oppnådd. For Vinje sitt vedkomande veit ein at skutertrafikken ikkje har auka gjennom prøveperioden. Samstundes er den største svakheita med evalueringsrapporten, at det ikkje er sikre tal for trafikkmengde før forsøket starta, ettersom NINA vart engasjert etter at forsøket var kome i gang.

Les meir på nettsidene til Vinje kommune
Samandrag av rapporten ligg her

Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa