E-postadresse:

Passord:

13/01-2007:
Livsfarleg køyring på isen!
Laurdag køyrde to skuterførarar rett ut frå hamni på Varland og nordover isen på Møsvatn langt utanfor der nokon har prøva isen. Like etterpå kom ein hytteeigar som trudde det var sterk is der nokon hadde lagt på slepe. Men dei var to på skuteren og slede med tungt lass og blei sitande fast i snograuten. Isen utanfor slepene er tynn i år og bare flaks hindra at dei gjekk igjennom isen.

Isen ber som regel ein skuter utan slede med høg fart, men det farlege er at ukjende trur det er sikker is der nokon har køyrd. Ingen har drukna på 30-40 år på usikker is fordi me har vore forsiktige. Derfor må INGEN legge på sleper utan å prøve isen.

Sidan det er lagt på sleper som ikkje er sikre, må alle spørje lokalkjende eller fylgje stikka løyper! Det er heller ikkje lovleg å køyre utanfor dei merka løypene.
Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa