E-postadresse:

Passord:

Vedtekter for Møsstrond Snøscooterklubb

- Møsstrond snøscooterklubb skal gå inn for å organisere flest mogleg av snøscootereigarane og andre sympatisørar av klubben.

- Påverke desse til å ferdast på ein slik måte at det blir mest mogleg glede og nytte for den enkelte.

-Syte for ar det ikkje oppstår unødige forstyrringar og skadeverknader i naturen.

- Klubben skal i samarbeid med styresmakter og grunneigarar, utarbeide og bearbeide forslag til nye og eksisterande scootersleper, og samstundes rette seg etter dei lovar og reglar som gjeld.

- Klubben skal så langt som råd er stå til disposisjon ved leiteaksjonar, redningsoppdrag o.l.

- Me går inn for å få i stand opplæring, samkomer, turar og andre tiltak for å auke scooterinteressa og skape eit aktivt og triveleg miljø mellom medlemene våre.

- Me vil og gå inn for å etablere eit godt samarbeid med andre scooterklubbar, både når det gjeld sleper, utflukter, samkomer og liknande.

- Sist, men ikkje minst, vil me etablere gode kontakter med grunneigarar, styresmakter, politiet, hjelpekorps og massemedia.

Vedtekne på årsmøtet 28. januar 1996.

Klubbreglar for Møsstrond Snøscooterklubb

1. Medlemene betalar årleg den avgifta som vert fastsett på kvart årsmøte. Årsavgifta må betalast innan 1. mars.

2. Styret i klubben vert valt på årsmøtet. Medlemer i styret er: Leiar, kasserar/nestleiar, skrivar og to styremedlem. I tillegg er det to varamedlemer. Det eine året er det val på kasserar og eit styremedlem. Desse vert valde for to år. Det andre året er det val på leiar, sekretær og eit styremedlem. Desse sit og for to år. Det vert i tillegg valt to varamedlem kvart år. Desse vert valde for eit år.

3. Årsmøtet skal haldast innan 1. mars. (Vedtektsendring på årsmøtet 2000)

4. Styret har høve til å kalle inn til ekstra medlemsmøte når det er nødvendig.

5. Styret kan utvise medlemer som bryt dei gjeldande reglane i klubben.

6. Oppløysing av klubben kan berre skje etter framlegg frå styret på årsmøtet. Dette siste årsmøtet avgjer kva dei eventuelle inneståande økonomiske midlane skal gå til.

Vedtekne på årsmøtet 28. januar 1996

Møsstrond Snøscooterklubb
Leiar: Håvard Vågen
Gøystdal
3656 Atrå
E-post: post@skuter.no

Formgjeving:
Mikkel Aanderaa